Fusa vidaregåande skule
Hopp over meny

Vg1 Naturbruk ved Fusa vidaregåande skule

På Fusa vidaregåande skule satsar vi på å gje deg ei spanande veksling  mellom teori og praksis.
Praksisen i studieretningsfaget produksjonslære er organisert slik at du kvar fredag er ute i arbeidspraksis.
Du får sjølv vera med å velja kva praksisplass du vil arbeida på,  innanfor  produksjonsfaga våre,
som er akvakultur, fiske og jordbruk.
Dersom du bur langt fra skulen, ordnar vi det slik at praksisplassen din er i nærleiken av heimstaden din. 

Det er og ei fin blanding av teori og praksis i studieretningsfaget teknikk og handverk.
I det siste studieretningsfaget, naturbruk og friluftsliv, får du oppleva naturen på nært hald. 
Det blir mange fine turar, medrekna turar med overnatting i telt og lavvo.
På grunnkurs naturbruk ved Fusa vidaregåande skule gjev vi deg også tilbod om å ta båtførarprøven
og jegerprøven.