STUDIESPESIALISERING MED FORMGJEVINGSFAG
Kvifor velje dette utdanningsprogrammet?
- Du får studiekompetanse
- Du får ein variert timeplan med både praktisk og teoretisk arbeid
- Du får utvikle kreativiteten i deg
Aldri tidlegare har bilete, design og form spelt så stor rolle i samfunnet som no.
I formgjevingsfag får du opplæring i mellom anna teikning og elektronisk biletbehandling,
og du får høve til å arbeide med bilete og design.
Når du skal velje høgare utdanning og yrke, vil du ha stor nytte av kunnskapane om dette.
Du kan gå alle tre åra ved Fusa vidaregåande skule.
Det er obligatorisk med 10 timar programfag (formgjevingsfag) pr. veke alle tre åra.
Første året får du desse 10 timane, i tillegg til 25 timar fellesfag.
Andre året kan du velje mellom eit valfritt programfag eller eit fellesfag.
(Det vil seie at du då aukar timetalet i formgjevingsfag til 15,
eller at du berre har 10 timar slik du hadde det første året.)
Tredje året kan du, viss du vil, ha 20 timar formgjevingsfag.
|
Alle faga på VG1
|
|
Norsk |
4 timar |
|
|
Matematikk |
5 timar |
|
|
Engelsk |
5 timar |
|
|
Naturfag |
5 timar |
|
|
Spansk, tysk eller fransk |
4 timar |
|
|
Kroppsøving |
2 timar |
|
|
Formgjevingsfaga |
10 timar |
|
|
VG1 |
VG2
|
VG3 |
|
Fellesfag (25) |
Fellesfag (20)
|
Fellesfag (15)
|
|
Valfritt programfag
eller fellesfag (5) |
|
Valfritt programfag
eller fellesfag (5) |
Valfritt programfag
eller fellesfag (5) |
|
Visuelle Kunstfag (5) |
Visuelle Kunstfag (5)
|
Visuelle Kunstfag (5) |
|
Design og Arkitektur (5) |
Design og Arkitektur (5)
|
Design og Arkitektur (5) |