Er målet ditt ei høgare utdanning innan helsefag kan TAF Helse vera utdanningsvegen å gå.
Frå hausten 2007 har Fusa vidaregåande skule tilbydd TAF Helse. Skulen samarbeidar med kommunane Kvinnherad, Tysnes, Os, Samnanger, Kvam og Fusa om den praktiske delen av opplæringa.
Gjennom fire år får elevane praktisk og teoretisk opplæring til fagprøven i Helsearbeidarfaget, og i faga som gir studiekompetanse med fordjupning i realfaga matematikk, fysikk og kjemi. Etter fire år oppnår elevane kompetanse som fagarbeidar i helsearbeidarfaget, og fagkrava for inntak til høgare medisinsk utdanning.
Elevane vil med denne utdanninga ha eit svært godt grunnlag for vidare arbeid i helsevesenet.