Fusa vidaregåande skule
Hopp over meny

Utviklingsplan 2011-2012

Fusa vgs sitt eige styringsdokument

Utviklingsplan 2011 – 2012

Visjon :  miljø – læring – trivsel

 

Fusa vidaregåande skule skal vera ein god og inkluderande læringsarena for elevar og tilsette.

Overordna mål for all utviklingsaktivitet i perioden skal vere å auke læringsutbytet for den einskilde elev og å få fleire til å fullføre planlagd kompetanse.

 

Pedagogisk plattform

Fusa vidaregåande skule legg til grunn eit sosiokulturelt perspektiv på læring. Det vil seie at dei pedagogiske grunntankane skal kvila på oppfatninga om at meiningar og kunnskap vert til i sosial samhandling og i dialog mellom alle aktørane ved skulen, og med arbeidslivet.  

Vi meiner at dette er det beste pedagogiske grunnlaget for å kunne legge til rette for læring og utvikling for elevar, tilsette og skulen som lærande organisasjon.

 

Dette stiller krav til at det er samanheng mellom kunnskaps- og læringssyn på den eine sida, og arbeids- og vurderingsformer på den andre sida. Planverket i Kunnskapsløftet styrer innhaldet i opplæringa, og vårt læringssyn samsvarar med dette.

Skulen har eit positivt elevsyn som skal gje eleven tru på eiga læring og utvikling.

 

Våre tilsette er aktive deltakarar i dynamiske læringsprosessar, difor har vi ei pedagogisk forankring som støttar opp om ei reflekterande haldning til læring. Medarbeidarane er fagleg og teknologisk oppdaterte, og tilpassar opplæringa til eleven sine føresetnader. Tilsette ved Fusa vidaregåande skule er endringsvillige og tek tak i nye utfordringar.

 

Skulen vår er ein distriktsskule, som skal gje elevar i lokalmiljøet tilbod om opplæring. Så langt det er råd vil vi gje tilbod om opplæring som elevar og føresette ber om. Sterk grad av samhandling med lokalmiljøet, både offentlege og private verksemder i tillegg til frivillige lag og organisasjonar, er grunnlaget for å få dette til.

 

Kort formulert er den pedagogiske plattforma for Fusa vidaregåande skule ei ”samhandlingsplattform”.

 

FRÅ INNLEIINGA:

Utviklingsplanen for skuleåret 2011-2012 er ei vidareføring av planarbeidet frå førre skuleår. Tilstandsrapporten (eige dokument) er oppsummeringa av skuleåret 2010-2011, og legg grunnlaget for utviklingsplanen for skuleåret 2011-2012.

 

Mål og tiltak er drøfta med tillitsvalde, elevrådsstyre og tilsette. (Siste info- og drøftingsmøte var 20. juni.) I fellestid/ planleggingsdag 07.06. og 16.06.11 oppsummerte me skuleåret og la planar for komande arbeidsår. Dette er oppsummert i Utviklingsplan for 2011-2012.

 

Det er semje om å vidareføra utviklingsmål og tiltak frå 2010/2011, men gjerne med ei litt anna vinkling. Vurderingsprosjektet gjev oss mogelegheit for å ”pløya djupt”. Aktiviteten vår skal framleis ha hovudfokus på auka læringsutbyte og fullføring. 

 

I tillegg til gjennomføring av utviklingsplanen, legg også Planverk for perioden 2009-2012 føringar for drifta av Fusa vidaregåande skule. Utviklingsområde frå tidlegare skuleår går over i drift. I samla planverk har skulen også ein komptanseplan, der det er teke høgde for behov for etter- og vidareutdanning.