Fusa vidaregåande skule
Hopp over meny

Kontakt:

5640 EIKELANDSOSEN

tlf: 56580900

faks: 56580901

e-post: post.fuv@post.hfk.no

Vaksenopplæring

SØKNADSSKJEMA til alle VO-kursa på Fusa vidaregåande skule.

Vaksne har lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande skule, har rett til gratis vidaregåande opplæring, karriererettleiing og vurdering av realkompetanse frå det året dei fyller 25 år, såkalla vaksenrett. Minoritetsspråklege må i tillegg har gyldig opphaldsløyve.

Mange vaksne tek fagbrev som praksiskandidat

Då er du friteken for krav om fellesfaga, men må bestå ein teoretisk eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve. I tillegg må du kunne dokumentere relevant praksis innan lærefaget. For dei fleste faga er praksistida fem år.

Fusa vidaregåande skule har fleire nettstøtta utdanningstilbod for vaksne:

Utdanninga for alle faga varer i ett år (avhengig av tidlegare utdanning/praksis). Undervisninga vert gjennomført som ein kombinasjon av undervisning på skule og nettstøtta undervisning. Alle elevar må disponera PC og internett heime. Skulen låner ut lærebøker gratis. Utdanninga kan kombinerast med jobb.

Senter for voksenopplæring tilbyr gratis vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne. Du kan også få vurdert realkompetansen din eller får rettleiing om korleis du kan fullføre vidaregåande opplæring.

Vi tilbyr teoriopplæring til fagbrev og generell studiekompetanse. Undervisninga er på deltid/heiltid og spesielt tilpassa vaksne. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte, andre kan delta viss det er ledig plass.

Med fullført vidaregåande opplæring står du sterkare på arbeidsmarknaden, og du kan også gå vidare på fagskule, universitet og høgskule.

Kontakt:

Fusa vidaregåande skule v/Gunn Totland Moss eller Tor Johannes Hjertnes.
Tlf. 56 58 09 00
vo.fuv@hfk.no

Se også fullstendig oversikt over vaksenopplæringstilbodet i Hordaland fylkeskommune.