Fusa vidaregåande skule
Hopp over meny

Kontakt:

5640 EIKELANDSOSEN

tlf: 56580900

faks: 56580901

e-post: post.fuv@post.hfk.no

Bli helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar - kva er det?

Ved innføring av Kunnskapsløftet i 2006, vart hjelpepleiar- og omsorgsarbeidarutdanningane erstatta av ei ny utdanning kalla helsefagarbeidar. Den nye yrkesgruppa vil i framtida erstatta dei gamle yrkesgruppene. Den ordinære utdanninga er organisert som 2 år på skule og 2 år i lære.

Helsefagarbeidaren skal utføra omsorg, grunnleggjande sjukepleie og miljøarbeid for pasientar og brukarar av helse- og sosialtenestene i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Fusa vidaregåande skule tilbyr gratis teoriopplæring i faget. Undervisninga starta august/september og held fram til juni året etter. Det er undervisning torsdagar. Undervisning og læremiddel er gratis. Det er ein fordel med erfaring frå yrket for å delta på kurs. Nytt kurs er planlagt hausten 2013.

Søknad

Søknad via søknadsskjema.

Vi har ikkje søknadsfrist, men ønskjer av praktiske grunnar å motta din søknad så tidleg som muleg. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte, andre vaksne kan delta dersom det er ledig plass.

Fagleg innhald:

Læreplan for Helsearbeidarfag har tre hovudområde/programfag:

  • Helsefremjande arbeid
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Yrkesutøvring

I tillegg kjem Prosjekt til fordjupning.

Eksamen og læreplan

Kurset følgjer læreplan i Kunnskapsløftet, og gir deg den fagteori du treng for å ta skriftleg eksamen på vg3-nivå. Eksamen må vera bestått før du kan gå opp til fagprøve i helsearbeidarfaget. Undervisninga vert avslutta med ein tverrfaglig fem timers eksamen i juni.

Nettstøtta utdanningstilbod

Dette tilbodet krev at du disponerer PC (kan lånast på skulen) og internett. Undervisninga er komprimert, og blir gitt delvis på skulen og delvis på internett.

Det vert gjeve opplæring i data i innføringsvekene. Skulen har god røynsle med nettundervisning til vaksne elevar, og kvar elev får individuell oppfølging.

Praksiskandidat eller lærling?

  1. Praksiskandidat:
    Når du har fem års praksis frå ulike område innan helse- og omsorgsektoren, og bestått eksamen frå teoriutdanninga, kan du gå opp til fagprøve.
    Du treng ikkje fellesfag (allmennfag).
  2. Lærling:
    Du kan teikna lærekontrakt med ein arbeidsgjevar (t.d. kommune).
    Dersom du har bestått eksamen kan du gå opp til fagprøve etter to år.
    Du må ha fellesfag (allmennfag).

Tidlegare utdanning og praksis kan gje frådrag i læretida/praksistida etter eigne reglar.

Arbeidsgjevar si rolle for praksiskandidatar

Dersom du får skuleplass gjennom arbeidsgjevaren din, vil arbeidsgjevar ha eit ansvar for å tilretteleggja for deg under utdanninga. Dei vil også leggja til rette for praksisgjennomføring. Arbeidsgjevar vil melda deg opp til fagprøve.

Vidareutdanning

Med bestått fagprøve kan du søkja vidareutdanning ved Fagskulen i Hordaland, avdeling Fusa eller Fitjar.

Fusa har fagskuleutdanning i:

Fitjar har fagskuleutdanning i Eldreomsorg og Rus- og avhengighetsproblematikk.

Kontakt oss dersom du har spørsmål: Gunn Totland Moss eller Tor Johannes Hjertnes. Tlf: 56580900.

Senter for voksenopplæring