Fusa vidaregåande skule
Hopp over meny

Kontakt:

5640 EIKELANDSOSEN

tlf: 56580900

faks: 56580901

e-post: post.fuv@post.hfk.no

Kurs for vaksne

Fusa vidaregåande skule tilbyr gratis vidaregåande opplæring innan yrkesfag og studiespesialiserande fag. Opplæringa er spesielt tilpassa vaksne og kan føre fram til fagbrev.

Kursa i yrkesfag startar i august/september og blir avslutta med ein fem timars tverrfagleg eksamen for privatistar, vanlegvis i juni året etter. Opplæringa er kombinert med 1 dag i veka på skulen og nettstøtte/oppgåver.

Me har ikkje søknadsfrist, men ønskjer av praktiske grunnar å motta din søknad så tidleg som mogleg. Vaksne med vaksenrett blir prioriterte, andre vaksne kan delta dersom det er ledig plass.

Finn du ikkje faget du ønskjer? Se fullstendig oversikt over vaksenopplæringstilbodet i Hordaland fylkeskommune.

Senter for voksenopplæring