Fusa vidaregåande skule
Hopp over meny

Kontakt:

5640 EIKELANDSOSEN

tlf: 56580900

faks: 56580901

e-post: post.fuv@post.hfk.no

Bli Ambulansefagarbeidar

Ambulansetenesta er ein del av spesialisthelsetenesta, og opplæringa skal bidra til at tenesta fyller funksjonen som bindeledd mellom primærhelsetenesta og sjukehus. Programfaga skal bidra til at lokalsamfunnet har beredskap ved akutt sjukdom, ulukkessituasjonar og katastrofar.

Innhald

Læreplan for Ambulansefag har tre hovudområde:

  • Grunnleggjande helsefag
  • Ambulansemedisin
  • Ambulanseoperative emne

Gjennomføring

  1. Opplæring i læreplan Vg2 ved Fusa vidaregåande skule
    • Teorisamlingar i snitt ein gong i veka fyrste skuleår (10 mnd)
    • Oppgåver, heimearbeid med teori, nettstøtte
  2. Praksiskandidat eller lærling
    • Praksiskandidat:
      Når du har fem års praksis frå ulike relevante arbeidsområde, og bestått eksamen frå teoriutdanninga, kan du gå opp til fagprøve.
      Du treng ikkje fellesfag (allmennfag).
    • Lærling:
      Du kan teikna lærekontrakt med ein arbeidsgjevar (Helse Bergen har t.d. krav til m.a. alder 20+ år og fysisk-psykisk helse).
      Dersom du har bestått eksamen kan du gå opp til fagprøve etter 2 år.
      Du må ha fellesfag (allmennfag).

Tidlegare utdanning og praksis kan gje frådrag i læretida/praksistida etter eigne reglar. Fagopplæringskontoret HFK vurderer dette.

NB: Vaksne må, som andre elevar etter fullført teoriopplæring, sjølve ta ansvar for å skaffa praksis/lærekontrakt. Skulen kan hjelpa til med kontaktar, adresser og rettleiing.

Økonomi

Kurset er finansiert av fylkeskommunen og vil kunna gje støtterett i Lånekassen.

Kurset krev vanlegvis ikkje fulltid studium, det skal kunna kombinerast med noko jobb.

Du må ha internettilgang/disponibel PC med Word- og Excel-program (kan lånast på skulen).

Søknad

Søknad via søknadsskjema.

Søknadsfrist er fortløpande.

Prioritering av søkjarar

Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring (tilsv. fabrev/treårig vgs) har prioritet, mellom desse vil fyrst personar med helsefagleg bakgrunn verta prioriterte. Andre kan takast opp dersom plass.

Skulestart

Skulestart er planlagt til månadskiftet august/september. Starten vert ei veke fulltidstudium.

Kurset følgjer læreplanen i Kunnskapsløftet, og gir deg den fagteori du treng for å ta ein fem timers skriftleg eksamen på vg3-nivå. Eksamen må vera bestått før du kan gå opp til den praktiske fagprøven.

Vidareutdanning

Med bestått fagprøve kan du søkja vidareutdanning ved Fagskulen i Hordaland, avdeling Fusa eller Fitjar.

Fusa har fagskuleutdanning i:

Fitjar har fagskuleutdanning i Eldreomsorg og Rus- og avhengighetsproblematikk.

Kontakt oss dersom du har spørsmål: Gunn Totland Moss eller Tor Johannes Hjertnes. Tlf: 56580900.


Senter for voksenopplæring, Stord vidaregåande skule