KVARDAGSLIV-/ARBEIDSTRENING
(4-6 elevar i kvar klasse)
Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov. Målet er å trena elevane til å meistra ein framtidig tilrettelagt arbeids- bu- og fritidssituasjon, og opplæringa skal kvalifisera for eit sjølvstendig liv med minst mogleg hjelp.
Opplæringa er tilpassa den einskilde elev og det vil bli utarbeida opplæringsplanar for kvar elev. Vurderinga av elevane blir gjort opp mot måla i den individuelle opplæringsplanen og den sakkunnige vurderinga.
Elevane skal få høve til å delta i aktivitetar utanfor klassen, saman med andre elevar.
Tilbodet ved vår skule gjeld elevar med ulike funksjonshemmingar. Elevane får særskilt tilrettelagt opplæring retta mot trening av kvardagsliv- og arbeidskompetanse, kommunikasjon, motorisk trening og sosial trening.
Skulen ligg i vakre omgjevnader som blir nytta i ulik samanheng. Lokale aktivitetar i nærområde legg ein inn som trening i gruppa når det høver. |